fredag 20. november 2009






Christian Krogh

Christian Krogh (1852-1925) var ein norsk malar, oppvekst i Kristiania. Far hans var jurist, og Christian starta å studere jus, sjølv om han eigentlig ville bli malar. Mens han studerte jus, tok han også kurs ved teikneskolen. Da far hans døde, valde han å konsentrere seg om kunst, og jusen kom i andre rekke. Hans offentlige debut kom i 1876 med bildet Et farvel (sjå nederste bilete over tekst).

Christian reiste mykje i den tida han levde; blant anna drog han til Skagen og Paris, kor han arbeida aktivt med maling. Under reisene lagde han fleire kjende maleria. Christian var opptatt av dei fattige, og dei som ikkje hadde det så bra i samfunnet, og hans kunst var svært inspirert av realismen, noe vi til dømes ser i ”kampen om tilværelsen(1889)”(sjå øverste bilete over tekst). Her skildrar han korleis verklegheita var, noko som kjenneteiknar denne perioden.
Han meinte at kunsten skulle være ein måte å gripe folk på, og gjøre dei klar over problema i samfunnet. Eg synst at Christian gjør ein glimrande jobb her, då han vekkjer fleire sterke kjensler i meg. Han var opptatt av å skildre miljø rundt seg, slik at maleria blei sanne og verkelegheitnære. Menneska ble ofte plassert helt fremst i bildet, slik at tilskodaren skulle få minst mulig avstand til dei.

1 kommentar:

  1. Fint at du skriv om Krogh sitt engasjement i kunsten og korleis dette passar inn i det moderne gjennombruddet på slutten av 1800-talet! Pass på at du kan skilje mellom realismen som periode (1870-1890) og realistisk kunst. Det blir noko upresist å seie at Krogh var inspirert av realismen, han var nok meir inspirert av kravet om at kunsten skulle ta samfunnsproblem opp til debatt - og så valde han å måle realistiske bilete for å få fram dette.

    SvarSlett