Diktet ”jeg ser” er skive av Sigbjørn Obstfelder. Dette diktet er kanskje det aller mest kjende diktet til Obstfelder. Det er frå nyromantikken.
Motivet i diktet er ein person som ser på verda frå eit utanfrå perspektiv og som blir forundra over det han ser: ”Dette er altså jorden”.
Diktet er skreve i ein noko skremmande og trist tone. Obstfelder kjenner seg utilpass i ”menneskenes hjem”. Angst, einsemd og framandkjensle set sitt preg på heile diktet, og den dystre stemninga blir forsterka mot slutten av diktet: ”De gråblå skyer” blir tunge og sola forsvinn. Ikkje eingong dei velkledde herrane og smilande damene gjer stemninga betre. Konklusjonen er skremmande: ”Eg er visst kommet på feil klode”. Kan ein kjenne seg meir einsam enn dette?
Ei anna tolking kan og vere mogleg. Det er nemleg noko barnleg over undringa til eg-personen. Slik kan diktet få ei stemning av skrekkblanda fryd framfor ei stemning av angst og framandgjering.
Det språklige virkemidlet som heilt klart er mest brukt i diktet er gjentaking. Dette gjer at rytmen i diktet blir tung og dette strekar slik under det dystre temaet , no som gjer tolking nummer ein med angst og einsemd meir nærliggjande enn tolking nummer 2 . Obstfelder får og understreka at det er ein ”eg” person som er utanfor som opplev det som skjer, når han gjentek ”jeg ser” gjennom heile diktet.
Fin kommentar til diktet, Mathilde. Jeg ser er jo eit særs kjent dikt, og du har fint fått med deg kvifor det blei så illustrerande for perioden - og kvifor det kan opplevast tidlaust når eit menneske står overfor angst og framandkjensle. Eg er og glad for å sjå at du har jobba godt med nynorsken, her var det deilig lite feil:)
SvarSlett