tirsdag 2. februar 2010

Jeg ser

Diktet ”jeg ser” er skive av Sigbjørn Obstfelder. Dette diktet er kanskje det aller mest kjende diktet til Obstfelder. Det er frå nyromantikken.

Motivet i diktet er ein person som ser på verda frå eit utanfrå perspektiv og som blir forundra over det han ser: ”Dette er altså jorden”.

Diktet er skreve i ein noko skremmande og trist tone. Obstfelder kjenner seg utilpass i ”menneskenes hjem”. Angst, einsemd og framandkjensle set sitt preg på heile diktet, og den dystre stemninga blir forsterka mot slutten av diktet: ”De gråblå skyer” blir tunge og sola forsvinn. Ikkje eingong dei velkledde herrane og smilande damene gjer stemninga betre. Konklusjonen er skremmande: ”Eg er visst kommet på feil klode”. Kan ein kjenne seg meir einsam enn dette?

Ei anna tolking kan og vere mogleg. Det er nemleg noko barnleg over undringa til eg-personen. Slik kan diktet få ei stemning av skrekkblanda fryd framfor ei stemning av angst og framandgjering.

Det språklige virkemidlet som heilt klart er mest brukt i diktet er gjentaking. Dette gjer at rytmen i diktet blir tung og dette strekar slik under det dystre temaet , no som gjer tolking nummer ein med angst og einsemd meir nærliggjande enn tolking nummer 2 . Obstfelder får og understreka at det er ein ”eg” person som er utanfor som opplev det som skjer, når han gjentek ”jeg ser” gjennom heile diktet.