Knud Knudsen og Ivar Aasen var to norske språkforskarar som levde på 1800 talet. Dei var begge einige om at Noreg trengte eit nytt skriftspråk. Dei var puristar, og mente at det var viktig at nasjonen hadde eit eiget språk som dei kunne identifisera seg med.
Sjølv om dei var einige i at noko måtte gjeras, var dei ikkje einige i korleis det skulle gjøras. Knud Knudsen ønska å gradvis fornye det danske språket. Han mente at det ville oppstå komplikasjonar ved å bytte ut heile språket, derfor mente han at det var best med eit ortofont språk bygd på talemåten til ”den danna klasse”.
Ivar Aasen ønska å lage eit nytt skriftspråk. Han drog rundt i landet å samla inn dialektar. Han baserte også mykje av språket på det norrøne. I 1848 ga han ut «Det norske Folkesprogs Gramatikk», og i 1850 «Ordbog over det norske Folkesprog». Ordboka var på over 25 000 ord og blei snakka om som eit nasjonalt meisterverk.
Dei to språkforskarane hadde altså eit felles mål om å skape eit nytt skriftspråk. Knudsen ville gjera det ved å gradvis fornye det danske, mens Aasen ville basera det nye skriftspråket på norrøn grammatikk og norske dialektar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar