onsdag 9. desember 2009

Den gode outsider


Filmen ”Buddy” handlar i hovudsak om tre gutar som bor saman i eit kollektiv på Tøyen. Geir og Kristoffer er ”normale”, fryktlause og oppegåande gutar. Tredjemann, Stig Inge, slit med sosial angst og tør ikkje setje foten sin utanfor Tøyen-senteret.

Stig Inge er ein typisk outsider i samfunnet. Han verkar redd og usikker på det ukjende. Han ser på verden utanfor Tøyengrensa som farleg, og meiner at han har alt han treng innanfor senterets fire veggar. Han lev ikkje som andre, men verkar stort sett nøgd med korleis han har det. Likevel er det trist å sjå ein person som ikkje kan delta på sosiale arrangement fordi han frykter verda utanfor. Mens vi daglig beveg oss der vi følar for det, er han bunden i si eiga frykt for det som kjens framand. Kvar gong gutane skal ut, inklusive Stig Inge, ender det opp med at han kjem med unnskyldningar om at han har ”glømt” noko, og må dra heim igjen. På slutten av filmen trosser han likevel frykta si og blir med på t-banen. Det heile får ei dramatisk vending då han får eit samanbrot og må bli hjelpen heim igjen. Vi ser likevel framskritt då han dagen etter, vågar å ta skrittet utanfor den grensa han tidligare har haldt seg innanfor.

Stig Inge representerer nok ei stor del av befolkninga i dagens samfunn, dei som ikkje heilt veit kor dei passar inn, og som ikkje våger å ta skrittet for å sjå kva livet har å by på.